Ivar Medaas
- gjøglar og felespelar

bildeHan tok det kresne hovudstadspublikummet med storm - med gjøgleri, felespel og eit frimodig strilenynorsk. Den skegløygde revyartisten selde plater og samla folk i hopetal. Men livet tok ei anna vending enn Ivar hadde tenkt: Artistlivet førde til mykje fråvære frå familien, han opplevde økonomiske vanskar og eit hjerneslag gjorde han til pleiepasient før han fylte 60 år. Dessuten sleit han med alkoholproblem.

 

Kona Kari var den som stod med Ivar på scenen, og heldt liv og familie saman. Ho og barna, vener og artistar fortel om Ivar på godt og vondt. Forfattaren opptrådde sjølv saman med Ivar på 60-talet, med gjøgleri og song.

 

Ei forteljing om suksess og fortviling som engasjerer og rører hjarta.

 

<< | Bestill